Daniel Notvik

Daniel Notvik

Eg er nett ferdig med mastergrad i marinbiologi og tar no nokre ekstra fag ved MatNat. Eg har bachelor i biologi fra UiA, kor eg skreiv bacheloroppgåve om lavvolum på Hardangervidda. I tillegg hadde eg eit vårsemester ved UNIS, der eg fekk gjere mykje spennande feltarbeid. Der oppdaga eg ein fasinasjon for alt det ukjende i havet, som førte til at eg tok mastergraden ved UiB samt endå eit emne på Svalbard. For masteroppgåva arbeidde eg med trålakustikk i krillfisket i Antarktis med Havforskningsinstituttet. Eg liker å vere til hjelp og er interessert i alt som lever både under og over havflata!