Ovidie Mari Lynge

Ovidie Mari Lynge

Eg heiter Ovidie og er 23 år gamal. Har vokse opp på Sunnmøre, men har budd i Bergen dei siste tre åra. I 2016 starta eg på bachelor i biologi ved uib og no i haust fortsette eg med ei mastergrad i Marinbiologi. Forrige semester opphalt eg meg på Svalbard. Der fekk vi blant anna lære "1000 måtar å døy på i Arktiske strøk" og mykje om hoppekrepsar, der begge ting var veldig spennande. Eg likar det meste innan biologi!