Susanne Tonheim

Susanne Tonheim

Mitt namn er Susanne Tonheim og eg held for tida på med ei mastergrad i marinbiologi ved Universitetet i Bergen, der eg også har teke bachelorgrada mi med eit semester på Svalbard. Biologi har fascinert meg gjennom heile livet og det har etter kvart blitt noko eg verkeleg brenn for. Mine ‘’favoritt’’-retningar innan biologi er generell marinbiologi, då særleg fiskebiologi i tillegg til marine- og terrestriske pattedyr. Elles likar eg å tilbringe mykje tid ute i naturen og på sjøen. I tillegg er eg aktiv i det lokale rugbymiljøet i Bergen, då både som spelar på BSI rugby og i styret.